Follegg slår tilbake

VEST TELEMARK BLAD 28.  JUNI 2016

Advokat Erlend Follegg som melde eks-partnaren sin, Stein Birger Johnsen, til politiet, har fått hard medfart frå advokat Johan Henrik Frøstrup, forsvararen til Johnsen.

No tek Follegg til motmæle. Til VTB seier han:

– Eg registrerer at advokat Frøstrup går til omfattande personåtak mot meg og seier at den strafferettslege forfølginga av Stein Birger Johnsen kjem av «anmeldelse fra en forsmådd tidligere forretningspartner».

– Det er rett at eg har meldt Johnsen til politiet for grov økonomisk kriminalitet som eg vart kjent med heilt på slutten av mi tid i selskapet Rauland Invest AS. Grunnen til at dette vart oppdaga så seint var at dette var freista halde løynt for meg ved at Johnsen og selskapet sin rekneskapsførar urettmessig nekta meg tilgang til viktig rekneskapsdokumentasjon. Det er innlysande urimeleg når Frøstrup ser ut til å hevde at å melde frå om grov økonomisk kriminalitet skuldast hemnmotiv, seier Follegg.

– Kva trur du er forklaringa på dette?

– Frøstrup freistar på denne måten å flytte fokus frå klienten som er sikta for grov økonomisk kriminalitet og over på meg. Det er uprofesjonelt av Frøstrup å gjere dette til ein privat vendetta mellom meg og Johnsen når denne saka involverer ei rekke aktørar utanom meg, nemleg Økokrim, Sør-Øst politidistrikt og Nedre Telemark tingrett. Det er desse instansane som har sikta, pågripe og godkjend bruk av tvangsmidlar etter lang tids etterforsking frå Økokrim, sidan januar/februar i år.

– Endå verre blir det når Frøstrup gjev ein slags privat «vandelsattest» til klienten sin og kallar ein som er sikta for grov økonomisk kriminalitet for ein «heidersmann». Då har advokat Frøstrup gått inn i den klassiske advokatfella og brote punkt 1.2 i reglar for god advokatskikk: «Advokaten bør ikkje identifisere seg med klienten sin», seier Follegg.

Kontakt

Erlend Follegg Konsul Schjelderupsvei 15, 0286 Oslo (+47) 970 55 555 (mobil) ef@advfollegg.no